Turn for barn og unge
Vi er to tidlegare gymnastar som har trena ulike former for turn. No ønsker vi å lære dette vidare og startar difor opp med turn i gymsalen i Bykle frå og med veke 42. Treningane er tysdagar fra kl.18-19
Kunne du tenke deg å prøve turning?
Då ønsker vi å høyre frå deg!
Martine har drive mange år med akrobatikkturn. Ho har konkurrert på nasjonalt og internasjonalt nivå, og er noregsmeister. I akkrobatikkturn jobbar vi mest på golv og ikkje på apparat. Det er ein form for turn med fokus på blant anna balanse, motorikk, samarbeid og meistringsfølelse. Vi tar for oss parøvingar, pyramidar og ev. nokon kast. Element som handståande, hovudståande, rullar, bru o.l. skal vi jobbe med.
Fredrik har drive med troppsgymnastikk i mange år. Dette inneber at ein jobbar saman i lag og konkurrerer i trampett (mini-trampoline) og tumbling (akrobatiske element). Sentrale element i troppsgymnastikk er salto, araber (slå hjul), stift, flikkflakk (baklengs salto) osb. Dei siste sju åra har Fredrik jobba som turntrenar, og har diverse sikringskurs.
Treningane vil bli ei god blanding av begge formene, og vi vil fokusere på kva de som utøvarar ønsker å lære.
Går du i 1. klasse og oppover og synest at dette høyrast spanande ut, ta kontakt med fredrik-eriksen@live.no for å melde deg på.
Vi gler oss mykje! 😊
Martine og Fredrik