Årsmøte Bykle IL

Tysdag 26.mars er det årsmøte for Bykle IL på Bykle Samsunnshus.

Møtet begynner 18.00 med vanlege årsmøtesaker og film for dei yngste.

Saker medlemmene ønskjer handsama på årsmøtet må sendast styret innan 12. mars 2019 til leiar Olav Mandt på epost olav.mandt@istorm.no eller postadresse Sarvskroken 4, 4754  BYKLE.

Komplett saksliste med saksdokument blir å finne seinast ei veke før årsmøtet, på idrettslaget si heimeside: www.bykleil.no.

For å ha stemmerett må medlem ha fylt 15 år, ha vore medlem av idrettslaget i minst ein månad, og ha betalt kontingenten. Medlemmer under 15 år har møte- og forslagsrett. For meir informasjon om stemmerett, valgbarhet, forslagsrett mv., se idrettslagets lov § 5 til § 8.

 

For dei som ikkje er med på årsmøtet blir det framsyning av film for heile familien.

Etter årsmøtet blir det premieutdeling for karusellrenn, trimpoeng mm.

 

Servering av pølser, brus, kaker og kaffi.

                                                                                                 

Med helsing

Bykle Idrettslag v/Styret



Utskriftsversjon Utskriftsversjon

Kalender
 
 
Se hele kalenderen
Kontakt oss
 
 
 
e-post